Tittel: Tonje Glimmerdal Tittel: Heidi
Forfattar: Maria Parr Forfattar: Johanna Spyri
Illustratør: Åshild Irgens Illustratør: Tonje Strøm
2009 Det Norske Samlaget Oversatt frå tysk ved Halldis Moren Vesaas
Barnebok på 282 sider Det Norske Samlaget 2011 (4. utgåva)
Nynorsk Barnebok på 181 sider
Brageprisen 2009 Nynorsk
Eg har storkosa meg i nokre kveldar med to herlege bøker! Maria Parr skriv på ekte sunnmørsdialekt om snaue 10-år gamle Tonje, den einaste ungen i heile dalen. "Glimmerdalens vesle dunder" kallar folk henne. For Tonje Glimmerdal herjer høgt og lågt, sommar som vinter. Fyndordet hennar er "fart og sjølvtillit." Tonje har ein besteven, 74 år gamle Gunnvald. Ho omtaler han som "ein slik gammal staur" og "ein brumlebasse"som kan "vere så vrang somme tider at det er heilt utruleg." Likevel er dei to perlevenar som held saman gjennom tjukt og tynt.
Like etter at eg vart ferdig med å lese boka om Tonje fekk eg melding om at boka eg hadde bestilt kunne hentas når som helst. Det var sanneleg ikkje lett å finne tak i den nynorske versjonen av Johanna Spyris "Heidi" på Bærums bibliotek, men ho lot seg bestille frå Nasjonalbiblioteket. I alle fall så vart eg glad og satte i gang med lesinga med ein gong, for eg gleda meg skikkeleg til å møte Heidi igjen etter så mange år. Ho var nemleg en av mine sjelevenar frå barndommen. Eg som slekter tilbake til Sveits på mor si sida, draumde meg av og til bort til Heidi sitt liv. Dit skulle eg ein fin dag... (Draumen gjekk forresten i oppfyllinga i sommar!)
I boka frå dei norske alpane leste Tonje om Heidi, ei foreldrelaus jente frå dei sveitsiske alpane. Båe jenter er tillitsfulle, aktive, glade i fjell og natur, varmhjarta, kan vere rampete når det passer seg og har ei barnetru og ein gamal mann som forankringa i livet. I bøkene renn det parallelle fortelingar om Heidi i Sveits som må fare frå bestefaren og fjella ho elsker for å vere leikesyster for sjukelige, rike Klara, og Heidi, dottera til Gunnvald, som vart teke frå faren sin og garden ho elska for å studere til fiolinist. Båe jenter enda opp i Frankfurt i Tyskland. Båe forlot fortvila "fedre" som viste si sorg gjennom sinne. Båe kom tilbake..etter kvart.
"Heidi" vart skrive i 1881. Men til trass for dei dryge 130 åra mellom dei, kan båe bøkene verke tidlause. Kanskje står tida litt stillare på fjella? Samstundes merkar ein tidsgongen gjennom usemder i dialogen. Der Tonje kan finne på å bruke uttrykk og ord som granner til banning når hun blir arg, vert Heidi berre lei seg og inneslutta. Tonje talar fritt og uredd til vaksne. Heidi bruker formelle høflegheiter når ho våger seg til å snakke til vaksne. Borna i dag er nok oppseda til å vere meir frimodige enn born som vaks opp for meir enn 100 år sidan.
Båe bøker er full av sjarm, idyll og gamaldags kos. Eg må seie at eg vart litt skuffa over forenklinga av språket (og handlinga) i den nynorske versjonen av Heidi. Skildringane vart ikkje fullt så storarta når dei redigerte vekk dei vanskelege ordbileta. Samstundes så kan akkurat denne redigeringa gjere at framtidige generasjonar òg få helsa på Heidi. Eg gler meg veldig til neste høgtlesesstunda på barneskulen og gjensyn med Tonje Glimmerdal og andre som Maria Parr måte finne på å skrive om!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar